AKTUELT

Holvik Glas har levert alt av fasade, dører og vindu i Hydro Circal til Storebotn 9. Foto: Holvik Glas

Nybygg med 75% resirkulert aluminium

I Storebotn 9 er både fasade, dører og vindu av resirkulert aluminium.

Rett etter innkøyrsla til Storebotn Næringspark, på Kleppestø (20 minutt frå Bergen) har det reist seg eit stort og flott bygg, som JMN – plan og arkitektur AS står bak. Storebotn 9 består av i augefallande glasfasadar, og er godt synleg, skriver Holvik Glas i en pressemelding.

Jan Magnus Nilsen (JMN) og familien hadde eigd den flotte tomta i 10 år, før dei endeleg kom i gang med bygging i 2021. Det var SPZ Bil som utløyste byggestart, då dei kjøpte underetasjen i forretningsbygget.

Bygget som stod ferdig i oktober 2022 rommer mellom anna WOW frisør og rådgjevingsfirmaet Advisor West

Entreprenør for bygget er Fauskanger bygg.

Holvik Glas har levert alt av fasade, dører og vindu til det flotte bygget, som viser godt igjen i bakkane opp til Storebotn.

Hydro CIRCAL er aluminium av høg kvalitet laga av minst 75% resirkulert aluminium frå tidlegare brukte byggevarer.

Foto av Hydro CIRCAL

Hydro CIRCAL har eit karbonavtrykk mellom dei lågaste i verda: 2,3 kg CO2 per kilo produsert aluminium.

Produksjonsprosessen er sertifisert av en uavhengig tredjepart (DNV-GL), bekreftet med miljødeklarasjonen Environmental Product Declaration (EPD).

Siste saker fra nyhetsrommet

Foto av Pilkington glassfakta 2024©Pilkington
Harald Aase. Foto: ©Adam Stirling

Harald Aase
Kommunikasjonsrådgiver

e-post: aase@gffn.no
tlf: + 47 950 84 298